onsdag 22. desember 2010

♥ due date ♥

I dag var dagen..
Med så lita tid att til midnatt tviler eg vel på at vi blir blant dei fem prosenta som innfinn seg til termin..
(storebror kom 7 dagar over - her er det berre å henta fram litt tålmod..)

Så her lagar vi jul etter beste evne mens vi ventar... I dobbel forstand..





Eg har hatt eit prosjekt gåande.. FØR-bilete får de her..


ETTER-bilete blir ein dag seinare.. Vogga er meir eller mindre ferdig, men grunna edelgrana som no står på stova, for ikkje å snakke om Ektorpen med skammel, så blir den ikkje skrudd saman før den lille kjem heim.. Det blir rett og slett litt for trangt..





Så med dette ynskjer eg dykk alle ei strååålande jul!
Håper at eg snart kan annonsere at vi no har blitt 4..