lørdag 27. november 2010

Bursdagsfeiring i heimen!

Laurdag for ei veke sidan var det høgtideleg feiring av 5 årsdag hos oss.. Ikkje mindre enn 16 utkledde og feststemte born i alderen 2 til 7 var med på å auke støynivået i huset til uante høgder i heile 2 og ein halv time.. Med full fart i retning "høggravid" er eg overraska over kor greit det eigentleg gjekk..



Men åremålsdagar som å runde det store FEM (sjølv om det ikkje er heeeilt enno) må markerast med ei feiring ein gut verdig. Så eg og min eigen "rekrutt frå Lom" tok fram boka frå vår ven Schakenda og starta prosjekt MUFFINS!


Muffins høyrer med i ein barnebursdag, og når ein er fem år må dei vere litt kule... Som sjørøvarmuffins til dømes.. Poden min er ikkje som alle andre når det kjem til kaker og slikt, og eg fekk klar beskjed om at "slike ekle bær" (*non stop) hadde ikkje noko å gjere i nærheita av hans muffins å gjere..


Jakta på alternativ pynt tok då til. Krokodiller vart eit kult alternativ som både mor og son kunne leva med..


Vi laga og sjokolademuffins, men dei forsvann som dogg for sola, og eg fekk aldri dokumentert akkurat det..
Men takka vere snille venninner fekk vi tatt eit bilete av kaka bursdagsbornet hadde ynskt seg!


Sjokolade-drage-kake!
Ikkje rette oppdraget for ei stressa mor på veg ut i permisjon, så eg sendte ynskjet vidare og mine bøner vart høyrt! *takk skal du ha Jea!*

(minnekortlesaren er endeleg på plass igjen!)
Etter ein roleg føremiddag skal poden og eg ha oss ei runde å ordne litt ærend.. Som litt meir lilla lys, litt blomar og kanskje litt julegåver?

fredag 26. november 2010

Tida flyg - med meg på slep!

Eg er i live.. MED energi og lyst til å blogge.. Ikkje minst mykje å blogge OM! Men sidan forrige laurdag har eg forgjeves leita etter minnekortlesaren min... Ledninga til overføring mellom kamera og datamaskin er og borte... og utan bilete er det meste av det eg har å formidle verdilaust..

Så eg får leite vidare... I mellomtida ynskjer eg dykk ALLE ei fortreffeleg førjulshelg med store mengder lilla lys, stemning og kos!

Her er det knakande kaldt, men ingen nedbør - heilt ok for meg! Med under 4 veker att til termin står eg meir enn gjerne over slike sysler!








Julen er over os, rundt os og i os.

Modstand er nytteløst, intet kan fri os!
Dog er der ett der hjælper en smule,
simpelthen selv at begynde at jule!










søndag 7. november 2010

Bilderas frå nytt og "ferdig" kjøkken!







Manglar lister, litt utforingar, lys under overskapa (transformatoren var gåen), eine vitrinedøra (feil mål) og litt anna.. Så det blir nok meir bilete når mannen er komen heim og vi verkeleg får det ferdig, men eg har no tatt det i bruk og eg er meir og meir forelska for kvar dag som går! Fargane passar perfekt saman og gir meg akkurat den roa eg søkjer i heimen min.. Og det er såååå mykje meir praktisk enn det gamle!!

God søndagskveld til alle! (det som er igjen av han i alle fall! No er det nokre handdukar som må leggast saman, før eg finn senga..)

Endringar i bloggen..

Om bloggen vil sjå litt rar ut innimellom framover er det berre fordi eg ynskjer å gjennomføre nokre endringar som eg har tenkt på ei stund, men ikkje har hatt tid til å gjere noko med..
Ikkje heilt begeistra for den nye mal-saken til blogger.. mulig at intensjonen var å gjere det enklare, men eg føler at valga mine no er meir begrensa enn tidlegare..

Med under ein månad att på jobb før eg skal ut i permisjon har eg mykje å henge fingrane i om dagen, men eit og anna skjer i heimen, og plutseleg kjem det bilet-bevis på bloggen..!

Ynskjer dykk alle ein strålande søndag! Poden og eg skal ta oss ein luftetur ut om litt trur eg.. Sjå på snøven og lufte hovudet..