lørdag 28. mai 2011

I det gavmilde hjørnet..

Fleire heimelaga gåver frå min kant.. Rett før påske kom ein liten hjarteknusar til verda og då måtte han sjølvsagt få pakke!


Dette er ei bukse eg byrja å strikke på før jul.. Eg hadde strikka ferdig ei til prinsen i magen, og synes den var så kjekk å strikke og deilig å ha på, at eg byrja på ei til.. Den vart ikkje ferdig så minsten kunne bruke den.. Men då ein ny prins meldte sin ankomst var det berre å ta pinnane fatt og få avslutta buksa!

Mønsteret er frå Nøstebarn, om enn litt modifisert...
Den er strikka med 2-tråds merino-ull, frå Nøstebarn det og.

Og kva er vel ei barselgåve utan kort til?




God helg til alle! I dag reiste mannen i havet igjen, så det er gutta og eg som held fortet. Men vi koser oss godt aleine og vi!


tirsdag 24. mai 2011

Ei gåve til farfar..

Noko av det finaste eg veit - i heile verda - er heimelaga gåver! Eg elskar å lage gåver til dei rundt meg, og eg elskar å få slike unike og fine ting som nokon har laga, berre åt meg!

I anledning min svigerfars fødselsdag tidleg i mai, gjekk eg på hobbyrommet for å lage eit kort.. Hakk i hel kom eldstemann som og ville laga noko til farfaren sin... Og her er resultatet!




Det vart ikkje noko kort i frå meg i år, men kva gjer det når farfar fekk slikt eit kunstverk til å pryde kjøleskapsdøra med?

Eg syns det vart knallstilig! Skal nok høyre med poden om ikkje det fristar å lage fleire.. Eit slikt vil eg og ha!

No skal eg sjå på Fruene! God tysdag!

søndag 22. mai 2011

Søndagslukke!

Toppen av all søndagslukke må vere når ein kan avslutte ei hektisk, koseleg, sosial og kjekk helg, med heimelaga gulrot-scones til kvelds! Eg hadde på Brelett og gräddost på min.. Fantastisk!



No skal eg sortere litt bilete frå 17. mai og helga til framkalling, so ein kjapp dusj før eg avsluttar kvelden med film saman med min kjære...

søndag 15. mai 2011

Utdrikningslag!

God søndagskveld til alle!

Eg er visst veldig av og på bloggar om dagen. Tenkjer ofte innlegg når eg styrar og steller eller tek bilete, men ofte kjem noko i mellom planlagte innlegg og publisering... Sånn kan det gå!

Eg elskar søndagar! Særskild slike søndagar som i dag.. Sove til eg vakna heilt av meg sjølv, stå opp og dusje og så ete litt junk food, fordi det er det ein treng etter ein dag som den eg hadde i går! Og så sjå på bilete som gjer ein varm om hjartet av gode venninne-minner mens ein får heim prinsane, ein etter ein...



I går drakk vi ut ei venninne av meg, og dagen gjekk på skinner! Alt gjekk etter planen, og ALLE kosa seg!
Dagen avslutta vi heime hjå meg.. Det vil seie, vi har ei leiligheit over garasjen som vi ikkje leiger ut pr i dag.. Vi har bl.a ikkje soverom der.. Men vi har stue, kjøkken og bad, og kva meir kan ein vel ynskje seg då?


Lokalet vart styla ei prinsesse verdig og danna den perfekte ramma rundt den beste kvelden på leeenge!


Rosa og brunt var gjennomgangsfargane for heile dagen..


For å gjere det enkelt gjekk vi for eingongs tallerkenar, glas og bestikk...


"Duken" er enkle laken frå Kid, i str 150 x 250... Geniale til slike anledningar!


Stolane og bordet vart kjøpt inn til Mannens barnedåp.. Dei har nok opplevd mykje..



Ynskjer dykk alle ei fin veke!