mandag 30. juli 2012

Hjallis-hue!

I løpet av den tida eg var vekke frå bloggen no sist, fekk eg faktisk produsert både det eine og det andre.. Ein av dei tinga var ei Hjallis-hue til minstemann!



Den vart ferdig i god tid til 17. mai, og vart kjempefin om eg må få sagt det sjølv... hihi



Mønsteret var kjempeenkelt og den var veldig deilig på!



No er det straks klart for å få gutta i seng, men det er ikkje strikking som står på planen i kveld nei... Eg kan hinte såpass at det er veldig lite på stova mi no.. Anna enn tomklang og maskeringstape... Hurra!




søndag 8. juli 2012

Instagram



Som så mange andre har eg fått meg Instagram-konto!



Eg har diverre ikkje iPhone og har venta i lengsel på at dei skulle sleppe app'en for Android..



Brukarnamnet mitt er.... ja du gjetta riktig..., Breidablikk...



Eg har dilla på diverse foto-app'ar om dagen.. både på telefonen og på iPaden... <3




 

fredag 6. juli 2012

Kjære bror..

Eg hadde ein av brødrene mine på besøk her om dagen.. Han skal ein tur på IKEA i løpet av sommaren saman med ein kompis, og lurte på om eg hadde nokre tips til kva han burde kjøpe..

Han hadde allereie plukka seg ut ei tv-møbel for å få meir oppbevaring på stua, men ynskte seg nye gardiner og kanskje nokre puter (for det var så innmari ubehageleg å ligga på sofaen..)

Eg var sjølvsagt fleire sjumilssteg forran og inne på IKEA.no for lengst, på jakt etter ymse han kunne (skulle) handle for meg...

Og mens eg tråla nyhendene og tekstil-avdelinga på nett, fann eg fleire ting eg tykkte han burde kjøpe.. Var det ikkje på tide med ein liten make-over av stova kanskje? Tross alt over eit år sidan han flytta inn...

Diverre var han ikkje eining i mitt, om eg må få seie det sjølv, stråååålande forslag!



(Barbro gardin - PS lampe - Popptorp stol)


Nu vel.. Ungdommen no til dags og alt det der...  Kva tykkjer du? Fint?



torsdag 5. juli 2012

Bloggtreff! i Ålesund!

Ojoj! Når eg har sett innlegg hjå andre interiørbloggarar frå bloggtreff dei har vore på, har eg ønska at noko slikt skulle blitt arrangert her i nærleiken og...

Ikkje at eg ser på meg sjølv som ein superbloggar, mine plutselege og tidvis lange pausar til dømes er vel ikkje akkurat tegn på det? Men eg er veldig interessert i interiør og trur eg hadde fått mykje god input og lærdom frå eit slikt treff!

Og no skal det skje!



Om dette kunne vere noko for deg, så send ein mail du og!

Info finn du her (hjå Jordbærpiken)


 

onsdag 4. juli 2012

Ønskeliste

Aj,aj,aj!
I desse dagar feirar Kremmerhus-bloggen sin fyrste bursdag, og det feirar dei med å gje vekk 3 (TRE!) ønskelister til ein verdi av 2500,- kvar!

Dett må eg SJØLVSAGT vere med på!

Eg har kjøpt mange favorittar på Kremmerhuset oppigjennom åra, og for tida er dette nye favorittar..






(hmm...ser at det går mykje i beige og grått/zink hos meg.. Bombe! hehe....)




Måtte vinnarlukka stå meg bi!



Edit: haha... ser no at eg var nok forseint ute.. fristen var på mandag! men la gå.. framleis favorittar om dagen, og framleis: gratulerer med dagen som var Kremmerhus-bloggen!