fredag 6. juli 2012

Kjære bror..

Eg hadde ein av brødrene mine på besøk her om dagen.. Han skal ein tur på IKEA i løpet av sommaren saman med ein kompis, og lurte på om eg hadde nokre tips til kva han burde kjøpe..

Han hadde allereie plukka seg ut ei tv-møbel for å få meir oppbevaring på stua, men ynskte seg nye gardiner og kanskje nokre puter (for det var så innmari ubehageleg å ligga på sofaen..)

Eg var sjølvsagt fleire sjumilssteg forran og inne på IKEA.no for lengst, på jakt etter ymse han kunne (skulle) handle for meg...

Og mens eg tråla nyhendene og tekstil-avdelinga på nett, fann eg fleire ting eg tykkte han burde kjøpe.. Var det ikkje på tide med ein liten make-over av stova kanskje? Tross alt over eit år sidan han flytta inn...

Diverre var han ikkje eining i mitt, om eg må få seie det sjølv, stråååålande forslag!



(Barbro gardin - PS lampe - Popptorp stol)


Nu vel.. Ungdommen no til dags og alt det der...  Kva tykkjer du? Fint?



1 kommentar:

  1. Eg diggar gardinene, og det beste med dei er navnet! Trur eg må finne plass til nokre slike hos oss ein plass ;)

    SvarSlett

Om du vil legge igjen ett ord, eller to, så blir jeg veldig glad :)