onsdag 31. oktober 2012

Lys i mørkre..

Det blir sagt at graskarlykta stammar i frå mannen med graskarlykta. Ei gammal, irsk myte fortel om ein drukkenbolt av ein smed ved navn Jack, som vart nekta adgang i himmelen etter sin død. På grunn av at han ved ei anledning hadde narra sjølvaste fanden, vart han og avvist i helvete. Djevelen sendte han på dør, tok eit stykke kol frå helvetes evig brennande ild og kasta mot Jack. For å hindre at vinden skulle blåse ut ilden, la Jack kolstykket i ei hul kålrot og brukte den som lykt. Sidan den gong er Jack dømt til å vandre i mørkre som eit symbol på alle fortapte sjeler. I nattemørkret, 31. oktober, kan han bli sett med lykta blafrande i vinden mens han forgjeves jaktar på ein siste kvilestad…





søndag 28. oktober 2012

Hallo-Venn!

Eller kanskje meir kjent som Halloween? Eg er ikkje spesielt fan av amerikanske fenomen som vi skal adoptere fullt og heilt, utan spesielt rot i det norske...

Men eg skal vere med på at delar av Halloween-konseptet er festleg! Kle seg ut, pynte, ha kjekke kveldar i lag med vener og familie..

I dag er Halloween ganske utbredt i Norge.. I alle fall blant dei yngre.. Og eg klarer ikkje å halde sonen min utanfor denne feiringa som alle dei andre får ta del i.. Men eg føler heller ikkje at det er rett at han skal kle seg ut og gå på dørene til alle naboane og tigge godteri.. Og gjere ugagn om han ikkje får!



Så i staden for å styre unna.. Tok vi i år styringa! Saman med store og små vener møtest vi på midten.. Det vart skumle kostymer.. Det vart godteri.. Det vart kjekke minner om skumle lykter og leik..

Hallo Venn...

Rett og slett...

I helga har vi «feira Halloween»..
Eg kjenner ein ny tradisjon i emning..

fredag 26. oktober 2012

Luksus-/valgproblem!

Om de fylgjer meg på Instagram har de nok sett at eg knuste mobilen min for ei tid tilbake.. Etter å ha bestilt repair-kit på nett, viser det seg at kun 2/3 av skjermen kunne reddast..

Så snille mannen min (saman med pappa og svigers) skal kjøpe iPhone 5 til meg til jul!
(Eg veit det berre fordi eg var på vei til å bestille ny telefon sjølv, og han måtte avsløre det... Så i år håpar eg at gåva kjem tidleg..)

L Y K K E !

Men når eg eeendeleg har fått den etterlengta iPhonen.. Så skal ikkje den lide same skjebne som den provisoriske HTC'n nei.. Så her må det et deksel til..




Foto: skjermdump frå favorittlista mi på Etsy...


Eit kjapt søk på Etsy seinare, viser det seg at det nok må meir enn eitt deksel til...

God helg!

Vi sender pappaen i Nordsjøen i morgon, og skal kose oss med ein eigen liten vri på Halloween..



onsdag 24. oktober 2012

Hobby-mys..

Når eg får ein idé, er det ofte at eg ikkje klarar å legge det frå meg.. I dag var det ein slik dag!

Laurdag skal vi ha ein liten Halloween-samankomst her heime, og det er alltid kjekt å pynte! Og det er alltid kjekt å lage ting sjøl.. Og saman med borna!





Eg har vaska pastasaus-glas og litt andre, funne fram kvite serviettar, decoupage-lim, auge, sukker, edderkoppar... Dette blir flotte lyslykter forkledd som mumiar! Gler meg til å lage ein heil flokk saman med eldsten i morgon!


- Posted using BlogPress from my iPad

søndag 21. oktober 2012

Planlegging av julegåver..

Som de kanskje har forstått er dette med planlegging noko av det kjekkeste eg veit! Og i kveld er det julegåvene som skal planleggast (mens eg prøver å få veslemann til å ta kveld..)

Eg er glad i alt som er gjort, og bestiller gjerne ting på nett slik at det er i boks! Har faktisk ting som er på veg i posten allereie, og har ein plan for guttane sin julekalendar!

(Ikkje så effektiv som mammaen min diverre, ho vart ferdig med gåvene i går når eg og ho var på julemesse.. Og eg gler meg forresten veeeeldig til å pakke opp gåva MI.... Hihi )





Eg kjøper ikkje for å kjøpe, eg vil gjerne at gåvene eg gir skal vere noko mottagarane verkeleg blir glade for og set pris på! Og gjerne noko dei treng.. Legg eg unødig mykje press på meg sjølv sei du? Eg tykkjer ikkje det.. Det er juletradisjonen min dette..!

Korleis går DU fram i gåveplanlegginga?




God søndag kveld!
No skal eg ta plass ved symaskina og fikse nokre bukser, for no sovna visst minsten.. Vi bloggast!


- Posted using BlogPress from my iPad

mandag 15. oktober 2012

Forsøk på å blogge frå iPad..

Eg har ikkje fått dreisen på å blogge hverken frå nettlesar eller appen til blogger.. Så no testar eg noko nytt! Har og planar om å endre litt på layout og oppsett her på bloggen, så håpar de kan bere over med meg om ikkje alt er like vellukka... ;)



Legg ved eit (ikkje akkurat perfekt bloggebilde) av eit 'nytt' hjørne her i stua, med 'nytt' gammalt skap, sacco'n til minsten eine lenestolen med krakk..

- Posted using BlogPress from my iPad

fredag 12. oktober 2012

Litt nytt på veggen..

Har snudd litt om på møblane på stua denne veka.. Og då fekk eg endeleg opp nokre bilete på veggen! Eg har vist bilete tidlegare frå når gutane var i aksjon og laga kunst i bursdagsgåve åt pappaen sin.. Synes dei er såå fine! Blir rett gla av å sjå på dei! Og no når det er så mørkt om kveldane blenker det så fint på veggen der!



Rammene er Ribba frå Ikea. 50x70cm trur eg? Kunsten er måla på gråpapir..


Ynskjer alle ei fin helg! Hos oss er det rydding av bil, barnebursdag og forbereding til julemat av villsau og sende pappaen i nordsjøen som står på programmet!


mandag 8. oktober 2012

Planlegging..

.. er halve moroa!

Eg kosar meg når det er tid for selskap.. Når eg kan byrje i god tid å tenke på invitasjonar, pynt og andre ting som kan vere med å sette ekstra stas på dagen!

Med to gutar, blir det nok ikkje å planlegge selskap med rosa ballongar og søte cup cakes og lemonade med det fyrste her i gården.. Men OJ kor mykje kjekt så går an å lage til likevel!

Etsy er ein kjær ven i slike tilfelle.. I fjor ville eldstemann ha star wars-bursdag..


Custom Invitasjonar bestilt her, kan trygt anbefalast for litt annleis invitasjonar!


I år er det Iron Man og andre superheltar som inspirerer! Eg kosar meg med nettshopping/titting.. Mange idear på gong her..


torsdag 4. oktober 2012

Treng ikkje bilete på veggen..

.. når det som er utanfor vindauget ser slik ut!



Eg ELSKAR sommaren... Men hausten er bra kjekk den og..


onsdag 3. oktober 2012

Årstidsforvirra..?

Eit lite knippe bilete frå «hagen» min sånn tidleg i oktober.. Nydelege haustblad i rødt og oransj, i skjønn forening med grøne jordbær.. Skal tru om dei blir modne..?






Ynskjer alle ei vakker veke!