fredag 9. november 2012

Hvit!

I går kveld hadde eg og minsten litt kvalitetstid.. Barneteateret Vårt hadde satt opp forestillinga «Hvit» på det lokale kulturhuset, og med lovnader om at dette skulle vere eit supert første møte med teater gledde vi oss stort.. Og med all grunn! Det var ei intim og fin forestilling, og sjølv om dei lave små benkane ikkje var beregna på mine lange bein og store rumpe, så var det verdt det. Minsten vart meir og meir entusiastisk og eg fekk eit rungande «Jaaa!» når eg spurte om det hadde vore kjekt. (Han var så strålande nøgd når vi kom heim at eldsten vart nok litt misunneleg.. Sjølv om forestillinga var beregna på dei mellom 2 og 4 år, og eg og han skal på kino og sjå «Reisen til julestjernen».. )





Du kan lese meir om forestillinga her, og det er absolutt noko å vurdere om forestillinga kjem til eit kulturhus nær deg!

God helg til alle!

2 kommentarer:

  1. Så artig og for en fin dekorasjon på scena. Jeg likte tvilling-fuglehuset og skulle gjerne hatt det på rommet til poden. Jeg gleder meg til han er gammel nok til å bli med på slike forestillinger og skjønne litt av det. Jeg husker fremdeles hvor utrolig spennende det var å se Putti Plutti Pott som lita jente. Et herlig barndomsminne ♥

    Ønsker deg en fortsatt fin kveld og god helg ikke minst :)

    SvarSlett
  2. Barnehagen "min" var å så på den forestillinga når de var i Ålesund, utrolig bra forestilling!:)

    SvarSlett

Om du vil legge igjen ett ord, eller to, så blir jeg veldig glad :)