mandag 24. desember 2012

Sjølvaste Julekongen..

Ja det må vel vere veslebroren vår det? 
Denne kjekke karen som kom som verdas beste julegåve til oss i 2010.. 


Foto: Aidafoto.no

Barnselskap og familieselskap var tidlegare i månaden, 
men vi må nok feire deg litt i dag og.. 
Før jula for alvor sett inn!

Det å sjå Tre nøtter til Askepott vil aldri bli det same igjen.. 
For to år sidan såg eg og du byrjinga på filmen på venterommet på sjukehuset 
mens vi venta på at farfar skulle kome med bilstolen din.. 
Den rakk vi ikkje ta med oss.. 
Og siste halvdelen såg eg heime i stova vår.. 
Som nybakt, overvelda og overlukkeleg tobarnsmor..


torsdag 20. desember 2012

Smakebit!

Her kjem ein liten smakebit 
på pyntinga i tredveårslaget til mannen!




Det gjekk i svart, sølv og blå-turkis
Og med jula på troppene er det heilt lov
å bruke mykje julekuler
og juletrelys..
Eller hur?

Dette er i alle fall dekorasjonen over bordet..
Trollhassel
mini-led lys med varm-kvitt lys
små og store julekuler 


Overraskande kor mykje lys det vart!
Ingen hadde problem med å sjå 
hverken mat eller drikke på bordet 
for å seie det slik... 


onsdag 19. desember 2012

Regnuekake!

Veslebror vert 2 år no i desember, 
og vart feira på forskot..

Tykkjer det er litt tidleg 
å dra i gong dei heilt store selskapa når dei er så små, 
men må no gjere litt stas på den minste bursdagsguten og!
Og kva er vel betre enn ei fargerik kake?
Med TOG?

Lite, om ein spør heidersgjesten..



Eg nytta denne oppskrifta, 
hadde bringebærmousse mellom laga og på toppen,
lokk av lyseblå sugar-paste
kvit smørkrem rundt kanten
(hadde kjøpt aaalt for lite sugar-paste gitt....)





tirsdag 18. desember 2012

Drøymer om ei Hviit jul!

Fjerde, og siste, forsøk på å vinne noko lekkert frå Hviit.no





Går mykje i grått med meg om dagen.. Aj løøv it!

Alt på denne lista er Ego-Ego.. 
Sett vekk i frå tapeten, som forhåpentlegvis skal opp på rommet til eldsten.. ;)



En uke igjen. En ønskeliste utfordring igjen, og reglene er som følger:
  • Du kan lage en collage, låne bilder eller på en annen måte vise frem din ønskeliste fra hviit.no
  • Collagen/bildet/innlegget må linke til hviit.no, merk innlegget med ØNSKELISTE fra HVIIT.NO
  • Du kan gjerne linke til dette innlegget også.
  • Du kan legge ut ønskeliste til deg selv, barna, mannen eller hvem du måtte ønske.
  • Du kan være med hver uke, med en ny liste.



fredag 14. desember 2012

7 år..!

Eg kan ikkje fatte at det allereie er 7 år sidan eldsteprinsen kom til verda!


Foto: aidafoto.no


Omsorgsfull - Snill - Flink - Litt Surrete - Populær - Lese og Skrive - Fotball 
Tullekopp - 2. klasse  - Rastlaus - Storebror - Søskenbarn - A-menneske


Gratulerer so mykje med dagen Sigurd! HURRA!


I dag blir det middagspølse med potetstappe til middag.. Etter bursdagsbarnets ønskje... ;)

tirsdag 11. desember 2012

Ønskeliste-tid!

Det har blitt lite anna enn ønskeliste-innlegg frå min kant i det siste ser eg!
Ikkje hverken uventa eller rart synes eg sjølv.. ;)

I tillegg til alt det alle andre og skal i desember, med vasking og rydding og pynting og avslutningar og festar og verkstadar og handling og baking og innpakking og kort og eg veit ikkje kva..!

Så har då alle gromgutane mine bursdag i desember.. Det byrja med mannen.. Han vart tredve forrige onsdag, og på grunn av offshore-turnus skal det feirast til helga.. Eldsten og lillebror feira me på forskudd no i helga.. Med kvar sitt barneselskap og familieselskap innimellom..

De av dykk som er følgarar på Instagram har fått sett småglimt av pynt, kaker og gåver.. Men noko innlegg har det ikkje blitt tid til inn i mellom alt anna.. Kjem plutseleg!

Så tilbake til ønskelista mi!
Korleis du og kan ønske og anna info finn du her!







  • Du kan lage en collage, låne bilder eller på en annen måte vise frem din ønskeliste fra hviit.no
  • Collagen/bildet/innlegget må linke til hviit.no, merk innlegget med ØNSKELISTE fra HVIIT.NO
  • Du kan gjerne linke til dette innlegget også.
  • Du kan legge ut ønskeliste til deg selv, barna, mannen eller hvem du måtte ønske.
  • Du kan være med hver uke, med en ny liste.


  • Alle bilete henta frå HVIIT.NO

    onsdag 5. desember 2012

    Ny veke - Ny ønskeliste hos Hviit.no

    Vi er no inne i den andre adventsveka, og for min del har det gått mest i bursdagsplanlegging, og ikkje julepynting, sjølv om eg har gjort litt av det og.. ;)

    Her er mi andre ønskeliste, med fine ting som dei sel på Hviit.no!



    Reglane for å vere med har eg skrevet om her..