onsdag 30. januar 2013

Kvinneforening..

Ja no har eg altså blitt så vaksen og etablert 
at vi har stifta kvinneforening.. 
Og så kjekt som vi har det! 
God mat og godt selskap.. 
Lite som toppar det?


På fredag var det min tur å vere vertskap.. 
På menyen stod det rykande fersk focaccia
og kyllingsalat med ris.. mmm!



Enda meir mmmm var desserten, 
Espresso- og sjokolade panna cotta 
med bringebær!

(men gløymte heilt å ta skikkelege bilete.. 
Ligg nokre mørke på Instagram.. hoho..)




Enkelt dekka bord 
Ei fin anledning til å få brukt
bryllaupsgåvene i kvardagen.. 
Duk, bestikk, vinglas..




Tallerkenar frå Lene Bjerre
Serviettar frå Bloomingville

Naturleg - kvitt - glas - mjukt..


Ønsker alle ein kjempefin lille-laurdag!


onsdag 16. januar 2013

Bitches be on instagram like:


Hahaha.. So true!

Ha ein strålande onsdag alle!


mandag 14. januar 2013

- Velkommen inn, lille blå stol!

Denne kjekke lille karen fekk eg lagt av 
då ein barnebutikk på andre sida av fjellet skulle leggast ned..


Eg rakk ikkje hente den sjølv,
så eg fekk søskenbarnet mitt til å hente den..

Det var i fjor sommar..
I helga fekk eg endeleg somla meg til eit besøk
og henta den..

Til minstemanns stoore glede..
«sitte stolen min!»

torsdag 10. januar 2013

Tredveårslag

Viste ein liten smakebit frå pyntinga før jul
her kjem resten..

Ser at eg fekk fram stemninga best på nokre bilete eg tok rett før me skulle ete..
Etter alle var komne..
Men eg har ikkje for vane å legge ut bilete av andre utan deira vitande..
Så de får berre ta mitt ord for akkurat dèt.. 

Veggar og vinduskarmar såg ut som på bileta når me kjøpte..
Planen er at dette skal bli kvitt, kvitt og atter kvitt..
Men prosjekta i huset har til no gått forran..
Men ein vakker dag..












Nøgd med det siste bilete her.. 
Tenk om eg hadde fått fram lyset og fargane på same måten på dei andre bileta..



Eg har ikkje for vane å ha nyttårsforsett..
Men om eg skulle hatt eit i år,
så skulle det ha vore å bli ein betre fotograf..
Auke kompetansen i forhold til kamerabruk..
Kva for vinklar som eignar seg best..

Satsar på at eg ser ei betring neste år..


onsdag 9. januar 2013

Iron Man/Superhelt-fest!

I år ville eldsten ha Iron Man/Superhelt-fest.. 

Etter nokre runder med meg sjølv, 
og på Etsy og Pinterest mellom anna.. 
Fekk eg nokre idèar.. 
Diverre er rommet/lokalet vi brukar til feiringar 
ganske håplaust å fotografere i 
på grunn av mørke veggar og grelle vinduskarmar.. 

Men de får kanskje eit inntrykk av det..? 
Ein suksess vart det i alle fall, 
og bursdagsbornet sjølv kosa seg! 
(og det er strengt tatt det viktigaste...;))








// Vimpelrekke kjøpt på Etsy og fargerike julelys i taket over bordet

// Teikneserie-inspirert printa dekorasjonar på veggar

// Paperstraw og THOR fat, serviettar og koppar
(her hadde mor kjøpt kule raude fat osv, men er det bursdag så er det bursdag 
og bursdagsbarnet får bestemme.. hehe)

// små godteposar med superhelt-button til alle

// Super-Sigurd cupcakes med ring

// Ironman kake

onsdag 2. januar 2013