fredag 8. mars 2013

«Kva er det der?!»

Spontan reaksjon frå mannen i det eg løftar ein firkanta sak i pleksiglas opp frå den store eska eg nett hadde henta på postkontoret.



«Det er ein lysestake» Ein heilt sjølvsagt ting i mine auge, og kul var han og! Her var det fram med lys og få plassert han på bordet med ein gong.

«Adventsstake liksom?» kjem det forsiktig frå mannen..




«Det kan han og brukast til! Den er genial! Eg kan style han til AKKURAT den anledninga eg VIL!» Framleis ingen entusiasme å spore hjå min betre halvdel..



Etter ei stund med stille betraktning kjem han fram til at «jaja.. Det er vel greit. Eg kjøpte meg leirduekastar i dag..»

Og ja, det ER heilt greit...


Kvinner er kvinner.. Og menn er menn...
God helg til dåkke alle på sjølvaste kvinnedagen!


Lysestaken er kjøpt hjå fru Rosas landhandel 
Vasane er frå Kremmerhuset, Rice og Søstrene Grene mm