fredag 3. mai 2013

Mot straumen?

Er det ikkje slik at statistikken viser at det er på hausten 
att oppussingsanda kjem over det norske folk?
Det er då vi trekker inn igjen i huset, 
etter ein sesong i hagen/på verandaen/ i hagestova, nesten uansett vér.. (?) 
Vår måte å stålsette oss på ein vinterdvale med peis-, pledd og innekos?

For meg er det når våren kjem.. 
Med lys ute når eg vaknar og lys ute til langt på kveld.. 
Når eg får bøttevis med naturleg lys inn i stova.. 
Då formeleg kjenner eg at energien stig, 
at batteria ladar seg opp og gir meg ny giv.. 

2013 so langt har kun satt sine spor i heimen via ny vaskemaskin.. 
Ungane har bytta på å vere sjuke, 
og heller ikkje mor har fått sleppe unna..
 Det har gått mest i strikking 
(de av dykk som følgjer meg på Instagram har nok sett dette..) 
og rydding.. 
Men no er Marius-genser nr 2 ferdig 
(berre str 4 år altså..!) 
og rydding får vere rydding inn i mellom.. 

I går satte eg i gang med eit prosjekt 
på rommet til eldsten mens han gjorde lekser.. 
Rommet hans malte vi «isblå» når vi pussa det opp.. 
Etter kvart som tida har gått ser eg no berre baby-blått.. 
Og med ein gut som snart er ferdig i 2. klasse (!) 
må det endringar til! 

Har jobba med rommet i hovudet ganske lenge, 
har kjøpt inn ymse maling og anna langs med.. 
Men NO skal det bli! 
Små glimt dukkar nok opp på IG, 
men skal vise bilete her på bloggen når eg har komt meg i mål 
(eller, det gjer eg vel aldri, men i alle fall når eg er nøgd. Enn så lenge....) 
Til då får eg vise IG bilde frå gårsdagens prosjekt; 
dei små husa mine!


Eit naturtalent innan fotostyling ser eg.. Den lille, gule leikekomfyren i bakgrunnen gjorde heile biletet..  




Dette er enda eit av dei prosjekta eg har hatt i tankane ei stund, men i går vart det! 
(hengte og opp nokre hyller på stova i går.. merkeleg det der med bølgedalar gitt...)

Husa har eg kjøpt av ein mann som driv sagbruk der eg bur. 
Det er ekte tømmer, forma av tid og vér.. Dei er så flotte! 
Men det nye, ferske snittet på «taket» plaga meg litt.. 
Det vart litt feil.. Så då tok eg malarkosten fram og fiksa freshe, blå tak!

God helg til alle!



5 kommentarer:

  1. Kjenner meg veldig igjen i det at lysten til å gjøre og skape og lage kommer med våren! Jeg våkner rett og slett til liv når lyset og varmen (?) kommer :-)

    Kjempekjempefine hus du har laget!

    Strålende dag til deg!

    Klemmer og smil

    SvarSlett
  2. Skikkelig kule hus, det gjorde seg med de blå takene!

    Her kommer det også mer energi og tiltakslyst når det er vår og lyst lenger på kveldene. Deilig!

    God onsdag videre!

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett

Om du vil legge igjen ett ord, eller to, så blir jeg veldig glad :)