fredag 2. august 2013

Hekta på mint!

I alle år har ulike nyansar av blått prega mitt interiør, 
og då gjerne ein variant av turkis.

Som så mange andre for tida, 
har eg no lagt min elsk på   
*M*I*N*T*! 


Vannkokar og serviettar kjøpt på Clahs Ohlsson // Matbokser, koffertar, perler, knivar og porselensskeier frå Søstrene Grene // Div. merker med neglelakk // Smykke frå Glitter og Cubus // Make your own banner kjøpt på Sprell //  Servise frå IKEA // Fiiiinaste tekanna kjøpt på loppis i Sverige



Eg har på sett og vis vore klar over det...
Men når eg pakka opp feriebaggasjen fekk eg meg ein liten støkk...
Har vorte heilt hekta tydeligvis!
Jaja, la gå!



Det får bli Instagrambilete i dette innlegget og..
Eg gløymte ladaren min på austlandet med svigerinna 
og må vente på att karane kjem heimatt med den i løpet av helga..



torsdag 1. august 2013

...

Idag tok eg meg sjølv i å dobbelklikke på eit bilete inne på ein blogg..

Eg satt heilt aleine, med likevel scrolla eg kjapt vidare og håpte at ingen hadde sett hverken den iherdige klikkinga, eller den raude, heller ukledelige fargen, som spredte seg i nakke og ansikt....




På tide å la Instagram ligge litt, og huske på bloggen inn i mellom og kanskje?!